Desember 2009 Bjarne Sveinall
Undring, under, og endå noko meir.
Vi er på veg inn i julehøgtida og dei dagane som er fylte av så mange ting og så mange kjensler. Glede og spenning, førebuing av ymse slag, fellesskap og fest. Men og dagar der mange kjenner på einsemd eller sorg over nokon som er borte frå det nære fellesskapet.
Julebodskapen er gledesbodskap. Ikkje av ein slag som kan kjøpast eller lagast. Nei, engelen si underlege helsing handlar om Frelsaren, og barnet i krubba. Og så kjem den store englesongen som fyller heile himmelromet. ”Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda hjå menneske som Gud har glede i.”
Store ord og store dimensjonar møter oss i desse helsingane. Større enn tanken min greier å ta inn. Gud – Frelsar – barnet i krubba – englar som fyller himmelromet – den unge Maria.
Undring vert difor innsteget mitt inn i julehøgtida, slik vi og finn det i mange julesongar.
Salmediktaren Brorson si vakre julesalme ”Mitt hjerte alltid vanker”, er fylt av denne undringa og endar opp i ei audmjuk glede over det store og ubegripelege underet.
Jul er det største av alle under – den ubegripelege bodskapen om Frelsaren i stallen. I dette er vår rolle berre å opne sinn og sansar og ta imot.
”Akk, kom eg opp vil lukke mitt hjerte og mitt sinn
og full av lengsel sukke: Kom Jesus dog herinn!”
Under nr 2 er det Ronald Fangen skriv om i salma: ”Guds menighet er jordens største under”.
Det under at vi 2000 år etter Jesu fødsel, framleis samlast i kyrkjer og Gudshus rundt om i verda med lovsong og takk. Opp gjennom alle tider har det vore motkrefter, både innom kyrkja og utanfrå som har truga og øydelagd den kristne kyrkja. Men framleis står ho.
Det er på ingen måte sjølvsagt. Korkje i bygdene våre, eller ute i den store verda.
Men dette under er bore av mange hender. Mange har opp gjennom tidene, falda hendene sine i takk og bøn. Andre har nytta dei i teneste for andre. Nokre har vore bygningsmenn, andre har nytta kreftene sine på ulik måte i eit byggjande arbeid.
For alle veit vi: Dette gjeng ikkje av seg sjølv. Gud treng viljuge hender og viljuge menneske.
Den kristne kyrkja treng gode hender og menneskjer med varme hjarte, slik at Ordet kan leve sitt liv og skape undring og tru i nye generasjonar.
Eit jule og nyårsønske må såleis vere at vi oppmodar kvarandre til å finne ein plass og ei teneste i det kristne arbeidet.
Med dette vil eg sende gode helsingar og ønskje om Guds fred over julehøgtida
Helsing
Bjarne Sveinall