Bø Normisjon  

                                               

Faste aktivitetar

Trykk for meir info

 

FREDAGSSPRETT!

 

Familiemiddag   

 

 Barneklubben

 

NY! Søndagssamling

 

Torsdagsmøte

 

Formiddagtreff

 

 

 Fotoalbum

 

 

 

"Ein god latter forlengar smilet."

 

Sjekk denne!

 

 

 

 

 

 

 Send oss gjerne informasjon som du ønskjer skal komme på nettsida  post@bonormisjon.no

Det er og flott med ei tilbakemelding på korleis du likar nettsida: Ros eller ris!

 

  

"Korleis byggje fellesskapet"

 

Per Arne Dahl

 

Bø Bedehus

Torsdag 9. september kl 19.00

Alle hjarteleg velkommen!

                                  Les meir her!

 

 

Program for Bø Normisjon, hausten 2010

 

 

 

Det er stor aktivitet på Bø bedehus utover hausten. Kva som skjer og når, kan du lesa meir om her: Program

 

 

29.08. Gudsteneste kl. 11

Gudstenesta er ved sokneprest Asgeir Sele og organist Rolf Axelsen Lie. Takkoffer til gudstenestearbeidet.

 

Kyrkjekaffi etter gudstenesta
Etter gudstenesta inviterar Bø Normisjon til kyrkjekaffi på Bø bedehus. Her blir det presentasjon av dei ulike aktivitetsgruppene i kyrkjelyden.

 

Korskulen startar opp att med

desse øvingstidene i haust:

Øving på Bø bedehus

MINIKORET (3 - 5 ÅR): Tysdag kl. 17.00 - 17.45

SINGLETT (1. - 4. kl): Tysdag kl. 18.00 - 19.00

SELTIN (5. - 7. kl): Tysdag kl. 14.00 - 15.30

RAGAZZE (jenter frå 8. kl.) Tysdag 19.30-21.00

KYRKJEKORET: Korprosjektet hausten 2010: "Jul". Øving i kyrkja kvar onsdag frå 19.30 - 22.00. Oppstart 22. september. Konsert 15. desember. For meir info: www.korskulen.no

 

 

 

Minikonfirmantane starter opp fredag 24. september.

"Give me five" held til på Bø bedehus og er eit  tilbod til alle femteklassingar i Bø etter skuletid kvar fredag frå september til starten av mai. Les meir her!

 

Dugnadsdag på bedehuset

onsdag 25. august.

 

Denne dagen legg vi opp til  ei grundig storreingjering av heile huset før haustens aktivitetar startar opp.

 

Vi legg opp til to økter denne dagen: Kl. 10.00 - 15.00 og kl. 18.00 - 21.00

 

Vi har føgjande oppgåver denne dagen ( og kvelden )

 

  • Vindusvask ute og inne i alle rom

  • Vask av tak, veggar og golv, rense  fliser

  • Rydding lager

  • Rydding / organisering i kjellaren

  • Ferdiggjering av sauegjerdet

Ta med nødvendig utstyr, - mopp, klut, bøtte.  Kaffe blir servera.

Vi håpar flest muleg av medlemene kan vera med på og gjera huset klart til semesterstart.

 

Vel møtt.

 

Helsing Husstyret

 

 

 

 

Søndagsskulen i Bø 

 

Her finn du program for søndagsskulen i Bø for hausten 2010. Grunna leiarmangel er det for tida ikkje Bibelkorn (1. - 3. kl) og Bibelgjengen (4. - 7. kl), dvs. tilbod til dei mellomstore og store ungane.

Fint dersom nokon fleire kunne tenke seg å bidra med hjelp eit par sundagar i halvåret!

 

 

 

Fredagssprett!

Startar opp 20. august. For meir info:

Trykk her!

 

 

Kyrkjelydsmøte på Bø bedehus

sundag 13. juni kl 20.00

Tema: Ungdomsarbeidet i kyrkjelyden.

Her ønskjer soknerådet at flest mogeleg møter opp for å samtale om, og koma med gode, konstuktive innspel om ungdomsarbeidet i tida framover.

 

Nytt: Velkommen til Soar-ungdommen!

 

Fredagssprett! er nå blitt eit tverrkyrkjeleg samarbeid mellom Bø kyrkjelyd, Bø Normisjon og Bø Pinsemenighet.

 

Nytt styre er valt.Les meir her!

 

 

Legg ferieturen i sommar til Oksøya leirstad utanfor Brevik. Perla ved Telemarkskysten!

 

 

 

Leirstaden har to internatbygg med til saman 94 sengeplassar- vesentleg på 4-manns rom. Alle rom har servant med varmt og kaldt vann.

Toalett og dusj i gangen. Oksøya vert leigd ut når den ikkje er i bruk til leirar og andre arrangement i Normisjonens regi.

Les meir om prisar og når det er ledig her!

For fleire bilder: trykk på bildet

Leir-sesongen på Oksøya står snart for døra! Påmeldinga til leirane startar 3. mai.

Les meir her!

 

 

Her kan du lese meir frå årsmøtet til Normisjon region Telemark

 

 

 

 

 

 

Velkommen til Normisjon region Telemark  sitt årsmøte

Bø bedehus 17. april 2010

 

For meir informasjon og program: Trykk her!

 

 

 

 

Fredagssprett! fekk kr 10.000,-

i gåvemidlar frå Bø Sparebank! Pengane skal gå til div. lydutstyr i 2. etg.

 

 

SAM TORE BAMLE 50 ÅR

 

Normisjons regionleder i Telemark, Sam Tore Bamle, fylte 50 år 11. april. Gratulerer!


 

 

 

 

 

Årsmøtet i Bø Normisjon

vart halde torsdag 18.02. Det var godt frammøte og god bevertning. Tjostolv Elsbutangen heldt kveldens andakt. Ingrid Vegum vart takka for innsatsen som leiar.

Styret har nå følgande  samansetning: Ny leiar vart Rune Digranes Bøen. Med seg i styret har han Christian Dahl, Bente Klokkehaug, Martin Stærk og Kjetil Momrak. 1. vara er Anna Elisabeth Grønland Erikstein, 2. vara Ingebjørg Vik Aabø og 3. vara Sveinung Skoe Erikstein.

 

 

Vinterleirsesongen er igang

Acta Telemark gler seg til å sjå barn, ungdom og vaksne fylle opp leirstaden Trovassli.

 

For meir informasjon og påmelding: Trykk her!

Sjå brosjyra for vinterleirane: Trykk her!

 

 

Medlemskontigenten for 2010

Nå er det tid for betaling av medlemskontigenten til Bø Normisjon for 2010. Registrerte medlemmer vil i desse dagar få tilsendt giro i posten. Er du ikkje medlem men har lyst til å bli det, kan du betale inn kr 250,- til Bø Normisjon på kontonr. 2630.07.09337.

Betalar du med nettbank: Hugs å skrive namn og at det gjeld medlemskontigent for 2010. Vil du heller ha bangiro:Skriv den ut her!

Minner om årsmøtet som er den 18. februar kl 19.30

 

Fellesmøter

i Bø

 

Nå er det

fellesmøter i Bø.

Klikk her for informasjon om tid, stad, talarar, sang og musikk

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Godt nytt år!

 

 

 

For å sjå kva som stod på Bø Normisjon sine nettsider i 2009 - Trykk her!

Våre gode venner i Bø

 

Trykk for å gå til deira nettside

 

 

 

 

SØNDAGSSKULEN I BØ

 

 FamilieKRIK i Bø 

       Program        

 

 

 

 

 

 

 

 

Ekstern nyhende

frå Vårt Land

 

 

 

 

 

 

 

 


 

Web-master Halgeir Vreim          E-post til Bø Normisjon  si nettside post@bonormisjon.no