Bø Normisjon

 

                                               

Faste aktivitetar

Trykk for meir info

 

FREDAGSSPRETT!

 

Familiemiddag   

 

 Barneklubben

 

 Søndagssamling

 

Torsdagsmøte

 

Formiddagtreff

 

 

 Fotoalbum

 

 

 

"Ein god latter forlengar smilet."

 

Sjekk denne!

 

 

 

 

 

 

MEDLEM 

 

Hugs årsmøtet i Bø Normisjon torsdag 17.02.11  kl 19

Til medlemmer og andre interesserte 

Vil du vere med å byggje fellesskapet?

Bø Normisjon ønskjer å sette det kristne fellesskapet i fokus, for å styrke og utvikle det vidare. Mange grupper, lag og organisasjonar står i fare for å bli styrt av tradisjonar, derfor har Normisjon utarbeidd eit opplegg som har som mål å utvikle og bevisstgjere kristne fellesskap. Sentrale tema i opplegget er: tilbeding, fellesskap, vekst, teneste og misjon.

Opplegget passar for både for deg som jamt er på bedehuset, og du som stikk innom av og til. Samlingane vil vere aktuelle for deg som er med i bibelgruppe eller husfellesskap i kyrkjelyden. Du er også velkommen om du ikkje er med i eit slikt fellesskap.

Norpilot i Bø denne våren vil bestå av fire samlingar på 2 ½ time, og vil innehalde undervisning, samtale, bøn, arbeid i grupper og enkel kveldsmat. Det er ønskjeleg at deltakarane set av alle fire kveldane, men det er mogeleg å prioritere dei datoane du kan. Leiar for opplegget vil vere Chris Millett, som er tilsett i Normisjon Telemark. Chris har budd her i landet i 30 år, og snakkar godt norsk.

Vi håpar at mange i ulike aldersgrupper vil vere med, slik at vi kan inspirere kvarandre til å styrke og fornye dei ulike gruppene i Bø Normisjon, og fremje samarbeidet vi har med Bø  kyrkjelyd og pinse­menigheten Soar.

Samlingane er lagt til desse torsdagane: 3. februar, 3. mars, 17. mars og 7. april, og vil vare frå
18.30 – 21.00.

Opplegget er gratis, men vi delar på utgiftene og arbeidet med kveldsmaten.

Påmelding til Rune D. Bøen (951 60 327) eller Christian Dahl (941 28 868) innan 31. januar.

 Med helsing styret i Bø Normisjon

 

Medlemskontigenten for 2010/2011

Nå er det tid for betaling av medlemskontigenten til Bø Normisjon for 2010/2011. 

Dei som melder seg inn nå er medl også for 2011, og kontingenten er fastsett av styret slik:

  • Kr 250.- for enkelt medlem 
  • Kr 600,- for familiemedlemsskap

Betal kontigenten til Bø Normisjon på kontonr. 2630.07.09337.

Ved betaling: Hugs å skrive namn og at det gjeld medlemskontigent for 2011. Gjeld det familiemedlemskap, skriv namn på alle. Vil du heller ha bangiro:Skriv den ut her

 

Hugs: Medlemsmøte for Bø Normisjon
Måndag 15. nov. kl. 19.00
Byggeprosjektet og rekneskapen vert avslutta ved nyttår. Styret ønskjer å drøfte den økonomiske situasjonen vidare med medlemmene i Bø Normisjon. 
Chris Millett frå Normisjon Telemark kjem for å informere om opplegget Norpilot, som er eit kursopplegg for å vitalisere og fornye eit fellesskap.
Invitasjon er sendt ut til medlemmene. Ta kontakt med styret styret@bonormisjon.no dersom du ikke har fått invitasjon til medlemsmøtet!

Vel møtt!
 
 
 
 

Våre gode venner i Bø

 

Trykk for å gå til deira nettside

 

Neste søndags preiketekstar med kommentarar: Trykk her!

 

 

SØNDAGSSKULEN I BØ

 

  FamilieKRIK i Bø 

       Program         

 

 

 

 

 

 

-------------

 

 

 

 

 

Ekstern nyhende

frå Vårt Land

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

Web-master Halgeir Vreim          E-post til Bø Normisjon  si nettside post@bonormisjon.no