Ombygginga 
Bø Normisjon hadde 7. februar 2008 årsmøte og vedtok der å starte ombygging av bedehuset, til ein berekna kostnad på 4,2 millionar.
Bygget er teikna av arkitekt Håvard Gjernes hos Lokale arkitekter på Gvarv
Arealoverikt ( netto golvflater i bygget ) :
1. etasje eksisterande 231,5 tilbygg 64,4 sum 296 m2 (grfl. 313 m2)
2. etasje eksisterande 61,3 tilbygg 88,0 sum 149 m2 sum eksisterende 293 tilbygg 152 heile 445 m2
Byggmester Håvard Aabø har stått for hovudarbeidet med bygget.
Vi fekk byggetillatelse av kommunen den 25.06.08 Forsiktig målsetjing da var opning av bygget hausten 09.
Arbeidet vart sett igang med rivingsarbeid av det gamle inngangspartiet som oppstart den 26.06.08.
Arbeidet har pågått med nokre korte avbrekk sidan da.
Mykje arbeid er utført på dugnad, i hovudsak knytta til grunnarbeid, rivingsarbeid av delar av det gamle bygget, fjerning av all gamal takstein på taket, ryddingsarbeid inne og ute, klargjering av krypkjellaren under gamalt bygg, utvendig kledningsarbeid, målingsarbeid med underarbeid, opparbeiding av uteområdet for parkering og grøntareal, ny avkjøring til fylkesvegen til Oterholt, vasking og klargjering av bygget mm.
Våren 09 bestemte styret opningdato/fest til den 27.09. som vi har hatt som målsetjing.
Arbeidet har stort sett gått etter planen, utfordringar som vi har møtt undervegs har blitt løyst utan store problem og vi har ikkje hatt uhell av noko slag undervegs.
Gunleik Hynne (Leiar av byggekomitèn)

Ny grunnmur tilbygg mot aust

Her var den gamle veslesalen

Christian i krypkjellaren den 15.11.08

Halvor fjernar gamal takstein 22.11.08

Matpause på dugnadsgjengen 15.11.08
Her er teikningar av det nye huset











|