Ombygginga

 

 

 

Bø Normisjon hadde 7. februar 2008 årsmøte og vedtok der å starte ombygging av bedehuset, til ein berekna kostnad på 4,2 millionar.

 

Bygget er teikna av arkitekt Håvard Gjernes hos

Lokale arkitekter på Gvarv

Byggmester Håvard Aabø har stått for

hovudarbeidet med bygget.

Vi fekk byggetillatelse av kommunen den 25.06.08 Forsiktig målsetjing da var opning av bygget hausten 09.

Arbeidet vart sett igang med rivingsarbeid av det gamle inngangspartiet som oppstart den 26.06.08.

Arbeidet har pågått med nokre korte avbrekk sidan da.

Mykje arbeid er utført på dugnad, i hovudsak knytta til grunnarbeid, rivingsarbeid av delar av det gamle bygget, fjerning av all gamal takstein på taket, ryddingsarbeid inne og ute, klargjering av krypkjellaren under gamalt bygg, utvendig kledningsarbeid, målingsarbeid med underarbeid, opparbeiding av uteområdet for parkering og grøntareal, ny avkjøring til fylkesvegen til Oterholt, vasking og klargjering av bygget mm.

Våren 09 bestemte styret opningdato/fest til den 27.09. som vi har hatt som målsetjing.

Arbeidet har stort sett gått etter planen, utfordringar som vi har møtt undervegs har blitt løyst utan store problem og vi har ikkje hatt uhell av noko slag undervegs.

Gunleik Hynne (Leiar av byggekomitèn)

Ny grunnmur tilbygg mot aust

Her var den gamle veslesalen

Christian i krypkjellaren den 15.11.08

Halvor fjernar gamal takstein 22.11.08

Matpause på dugnadsgjengen 15.11.08

Mange fleire bilder frå ombygginga finn du her!

Her er teikningar av det nye huset

Copyright ® 2011 Bø Normisjon  

          Bø Normisjon